Amsterdam | |||
hovudstad | |||
Montelbaanstoren (1512) ved Oude Schans.
| |||
|
|||
Motto: Heldhaftig, Vastberaden, Barmhartig – «Tapper, Målbevisst, Miskunnsam» | |||
Kallenamn: Mokum | |||
Land | ![]() | ||
---|---|---|---|
Provins | Noord-Holland | ||
Del av | Amstelland | ||
Areal | 219 km² | ||
Folketal | 921 468 (januar 2023)[1] | ||
![]() Amsterdam 52°22′00″N 4°53′00″E / 52.366666666667°N 4.8833333333333°E | |||
Wikimedia Commons: Amsterdam |
Amsterdam er den største byen og offisiell hovudstad i Nederland.[a] Han er kalla opp etter elva Amstel, som renn gjennom byen. Byen er kjend for den historiske hamna, Rijksmuseum, og for red-light district (de Wallen), dei liberale kaffibarane som sel cannabis og dei mange kanalane som gjer at byen vert kalla «Nordens Venezia».[2] Under den nederlandske gullalderen var Amsterdam ein av dei viktigaste hamnebyane i verda, var drivande innan utviklinga av handel og vart eit leiande senter for finans og diamantar.[3][4]
Byen vart grunnlagd seint på 1100-talet som ein liten fiskelandsby og har vokse til å verta den største byen i Nederland med om lag 921 468 innbyggjarar. Storbyområdet har om lag 1,5 millionar innbyggjarar, avhengig av kor ein set grensene, edan Randstad-området (agglomerasjon av fleire store og mellomstore byar), som i alt har 6,5 millionar innbyggjarar.
Referansefeil: <ref>
-merke finst for gruppenamnet «lower-alpha», men inkje samsvarande <references group="lower-alpha"/>
-merke vart funne