Municipality of Anchorage | |
---|---|
![]() | |
Styresmakter | |
USA | USA |
Borgarmeister | Suzanne LaFrance ![]() |
Geografi | |
Flatevidd | 5 035,063041 km² |
Innbyggjarar - By (1. april 2020) |
291 247[1][2] |
Høgd over havet | 31 m |
Tidssone | UTC-09:00, UTC-08:00 (UTC) |
Diverse anna | |
Heimeside: https://www.muni.org/ | |
Plassering | |
|
Anchorage er ein by og ein kommune («borough») i den USA-amerikanske delstaten Alaska. Kommunen har ei flatevidd på 5 079,2 kvadratkilometer og 291 826 ibuarar (2010); drygt 40 % av folket i Alaska bur såleis i kommunen. Sjølve byen har i kring 240 000 ibuarar. Ordet «anchorage» tyder ankerplass.
Anchorage by ligg på 61,2° nordleg breidd i den sentrale delen av delstaten, ved Chickaloon Bay, ca 1 000 km vest om Juneau, hovudstaden i Alaska. På grunn av nærleiken til havet er klimaet ikkje så kaldt som på stader i innlandet på same breiddegrad, somrane er derimot litt svalare enn dei i innlandet, så som Fairbanks.
Den 27. mars 1964 gjorde eit jordskjelv store skader på bygningar i byen, og fleire menneske omkom. Det såkalla Langfredagsskjelvet vart målt til 9,2 på Richterskalaen, og er det kraftigaste jordskjelvet i USA. I dag er City-hospitalet, teikna av Frank Lloyd Wright, den mest kjende bygningen i Anchorage.
I Anchorage finst to universitet, University of Alaska (skipa 1954) og Alaska Pacific University (skipa 1957).