Andebu kommune er ein tidlegare kommune i Vestfold fylke. Han vart skipa i 1838 i samband med innføringa av formannskapslovene frå 1837 og blei slått saman med Stokke og Sandefjord kommune 1. januar 2017.[1][2] Namnet blir uttala annebu, preposisjonen er «i» (i annebu) og ein person frå Andebu (særs frå hovudsoknet) blir kalla «andebusokning».
Han lå heilt i midten av Vestfold, kommunane rundt var Stokke i aust, Sandefjord i sør, Larvik i vest, Lardal i nordvest og Re i nord. Næraste tettstader er Tønsberg og Sandefjord.
Kommunen var prega av låge, bratte åsar og mykje skog. Kommunen var delt i tre sokn, Høyjord i nord, Andebu i midten og Kodal i sør. Det er tre kyrkjer i kommunen: Andebu kyrkje, Høyjord kyrkje og Kodal kyrkje. Alle er frå mellomalderen, Høyjord kyrkje er ei stavkyrkje. Noregs eldste kyrkjebok (frå 1623) er frå Andebu.
Nasjonaliseringa av private teleselskap blei avslutta i 1974 da Televerket overtok det siste norske privateigde telefonselskapet. Dette låg i Andebu.