Anders Jahres Kulturpris er ein årleg utdelt pris som skal vera ei heiderspåskjøning for framifrå arbeid i fyrste hand for norsk kulturliv. Prisen har vorte delt ut sidan 1990. Kvart år vert det plukka ut ein eller to vinnarar som kvar får eit pengebeløp, eit diplom og ein statuett laga av Nils Aas. I 1996 vedtok ein å også dela ut Anders Jahres Pris for Yngre Kunstnere. Vinnaren av Anders Jahres Kulturpris vert beden om å peika ut ein yngre talentfull kunstnar til å motta Anders Jahres Pris for Yngre Kunstnere, til regel innan sitt eige verkefelt. Prisen vert delt ut av Anders Jahres Humanitære Stiftelse etter innstilling frå eit utval oppnemnd av stiftinga.
Frå 2017 har prisbeløpet vore 1,5 millionar kroner som ein fordeler til vinnarane.[1] Før dette var beløpet i fleire år på 1,2 millionar kroner som normalt blei fordelt med 500 000 kroner til kvar av de to vinnarane av hovudprisen og 100 000 kroner til kvar av dei to vinnarane av juniorprisen.