57°16′48″N 13°38′04″E / 57.279888°N 13.634359°E
Anderstorp | |||
Land | Sverige | ||
---|---|---|---|
Areal | 649 km² | ||
Folketal | 5 026 (31. desember 2023) | ||
Anderstorp 57°16′48″N 13°38′04″E / 57.279888°N 13.634359°E | |||
Wikimedia Commons: Anderstorp |
Anderstorp er ein tettstad i Gislaveds kommun i Jönköpings län i Småland i Sverige. I 2005 hadde tettstaden 4 987 innbyggjarar. Anderstorp ligg cirka 5 kilometer søraust for Gislaved. Tettstaden ligg ved riksveg 27, og næringslivet er prega av småindustri. Totalt har Anderstorp over 220 føretak, og dei største bransjene er metallvare- og plastindustri. Dei største bedriftene er Kendrion Holmbergs AB, Plastunion AB, Newell Rubbermaid, og ABA of Sweden AB, ETAC AB.
I Anderstorp ligg òg Scandinavian Raceway der Sveriges Grand Prix i Formel 1 blei arrangert mellom 1973 og 1978.