Andrea Corr | |||
![]() Andrea Corr på Glastonbury i 1999. | |||
Fødd | 17. mai 1974 (50 år) | ||
---|---|---|---|
Fødestad | Dundalk | ||
Fødenamn | Andrea Jane Corr | ||
Opphav | Dundalk i County Louth i Irland | ||
Aktiv | Sidan 1990 | ||
Sjanger | pop, rock, keltisk musikk | ||
Instrument | Vokal, blikkfløyte, piano, ukulele | ||
Tilknytte artistar | The Corrs | ||
Plateselskap | Atlantic, AC Records | ||
Verka som | Musikar, songar-låtskrivar, skodespelar | ||
Prisar | Honorary Member of the Order of the British Empire |
Andrea Jane Corr (fødd 17. mai 1974) er ein irsk musikar, låtskrivar og skodespelar. Corr debuterte i 1990 som frontkvinne i det keltiske folkrock- og poprockgruppa The Corrs i lag med dei tre eldre syskena Caroline, Sharon og Jim. Utanom å vere songar, spelar Corr blikkfløyte, ukulele og piano.[1]
Med dei andre har Corr gjeve ut seks studioalbum, men har òg gjeve ut soloalbum. Det første var Ten Feet High i 2007.[2][3] Albumet flytta seg bort frå stilen til The Coors mot dance-pop.[4] Det neste albumet hennar kom ut i 2011 og bestod berre av coverlåtar som var viktige for Corr då ho var yngre.
Andrea Corr har også involvert seg i veldedige aktivitetar. Saman med syskena blei ho gjeven ein æres-M.B.E. i 2005 av dronning Elizabeth II for bidraga sine til musikk og veldedig arbeid.[5]