Anette Sagen

Anette Sagen


Statsborgarskap Noreg
Fødd 10. januar 1985 (40 år)
Mosjøen
Idrett skihopping

Anette Sagen (fødd 10. januar 1985) er ein norsk skihoppar frå Hellfjellbygda i Vefsn. Som ein av dei beste kvinnelege skihopparane i verda, har ho vore ein forkjempar for kvinneleg skihopping som idrettsgrein. Ho representerer skiklubben Remma IL. Under Ski-VM 2009 vann ho bronsemedalje i normalbakke.

Anette Sagen begynte som skihoppar gjennom samarbeidsorganisasjonen Vefsnhopp.

I 2004 vart ho nekta å hoppe i Vikersund, ei sak som fekk mykje merksemd i media. Striden stod om kvinner i det heile teke er skikka til å hoppe i så store bakkar, sjølv om mange av kvinnene slo fleire menn. Torbjørn Yggeseth, formann i hoppkomiteen i det internasjonale skiforbundet, fronta vedtaket om å nekte jentene å hoppe i bakken. Til slutt enda det likevel med at jentene fekk hoppe i Vikersund[1], og 5. mars 2004 hoppa Sagen 174,5 meter – det lengste ei norsk kvinne har hoppa på ski.[2] Berre austerrikske Daniela Iraschko har hoppa lengre enn Sagen.

3. mars 2010 fekk ho æra av å gjere det første offisielle hoppet i den nye Holmenkollen.

  1. Anette Sagen får hoppe i Vikersund, Nettavisen 3.3.2004
  2. Sagen hoppa 174,5 meter, Aftenposten 6.3.2004

From Wikipedia, the free encyclopedia · View on Wikipedia

Developed by Nelliwinne