Anita Augspurg

Anita Augspurg

Fødd22. september 1857
Verden an der Aller, Verden
Død20. desember 1943
Zürich
NasjonalitetDeutsches Reich, Tyskland
Områdekvinnerørsla, Røysterett for kvinner
Yrkeskodespelar, politikar, advokat, teaterskodespelar, Woman's Social and Political Union-medlem, fredsaktivist, redaktør, kvinnesaksforkjemper, jurist, forfattar, motstandskjempar
Alma materUniversitetet i Zürich
SambuarLida Gustava Heymann
MedlemKvinnenes Verdensforbund for varig fred

Anita Theodora Johanna Sophie Augspurg (22. september 185720. desember 1943) var den fyrste kvinna i Tyskland med doktorgrad i juss, og arbeida mot slutten av 1800-talet for sosiale og politiske rettar for kvinner. Innføring av røysterett for kvinner var det fremste målet hennar, og denne blei innført i Tyskland i 1918.

Augspurg deltok i 1915 i grunnlegginga av Internasjonal Kvinneliga for Fred og Fridom, og fekk deretter publiserings- og taleforbod resten av krigstida. Saman med blant anna livspartnaren sin Lida Gustava Heymann, kravde ho i 1923 fåfengd å få Adolf Hitler utvist frå Tyskland. Etter maktovertakinga i 1933 blei ho av nasjonalsosialistane (nazistane) oppført på ei likvidasjonsliste. Ho levde deretter saman med Heymann i eksil i Sveits livet ut.


From Wikipedia, the free encyclopedia · View on Wikipedia

Developed by Nelliwinne