Ankara | |||
by | |||
Land | ![]() | ||
---|---|---|---|
Region | Sentral-Anatolia | ||
Provins | Ankara | ||
Høgd | 938 moh. | ||
Koordinatar | 39°52′N 32°52′E / 39.867°N 32.867°E | ||
Areal | 2 516 km² | ||
Folketal | 4 338 620 [1][2] | ||
• storby | 4 550 662 | ||
Folketettleik | 1 724 / km² | ||
Borgarmeister | Mansur Yavaş | ||
Tidssone | EET (UTC+2) | ||
• Sommartid | EEST (UTC+3) | ||
Postnummer | 06xxx | ||
Retningsnummer | 312 | ||
![]() Ankara 39°56′09″N 32°50′19″E / 39.93576°N 32.83869°E | |||
Wikimedia Commons: Ankara | |||
Nettstad: http://www.ankara.bel.tr/ http://www.ankara.gov.tr/ |
Ankara (tidlegare namn Angora og i antikken Ankyra) er hovudstaden i Tyrkia og den nest største byen i landet etter Istanbul.
Byen ligg i sentrale Anatolia og ligg 938 meter over havnivå.[3] Byen er eit viktig handels- og industrisenter. Den tyrkiske regjeringa held til i Ankara og det same gjer alle utanlandske ambassadar. Han er eit viktig knutepunkt for handels- og trafikknutepunkt og er eit marknadssenter for det omliggande jordbruksormådet. Byen er kjend for den langhåra angorageit og ull frå desse (mohair), ein unik katterase (angorakatt), angorakanin og ull frå desse (angoraull), pærer, honning og muskatdruer.
Det historiske senteret i Ankara ligg på ei klipp, som stig 150 meter ovanom sletta på venstresida av elva Ankara Çayı, ei sideelv til Sakarya (Sangarius). Byen ligg kring 450 km søraust for Istanbul, den største byen i landet. Sjølv om han ligg i ein av dei tørraste områda i Tyrkia og er omgjeve av houvdsakleg steppevegetasjon, om ein ser bort frå noko skog lengst sør, vert Ankara rekna som ein grøn by i forhold til grøntareal per innbyggjarar, som er 72 m2 per person.[4]
Ankara er ein særs gammal by med arkeologiske funn etter hittittar, Frygia, grekarar, romarar, austromarar og osmanar. Åsen som ligg ovanom byen er krona med ruinar av ei gammal borg, som gjer byen meir pittoresk, men berre eit fåtal historiske bygg kring den gamle citadellen finst i dag. Det finst derimot bevarte restar av gresk, romerske og austromersk arkitektur, mellom anna Augustus-tempelet og Roma-tempelet (20 fvt.) som var kjend som Monumentum Ancyranum.[5]
Ifølgje det tyrkiske statistiske instituttet budde det i 2011 4 338 620 innbyggjarar i Ankara og 4 550 662 i storbyområdet.[1][6]