Anna von Gierke | |||
Fødd | 14. mars 1874 Wrocław | ||
---|---|---|---|
Død | 3. april 1943 (69 år) | ||
Statsborgar av | Deutsches Reich | ||
Yrke | politikar, sosialarbeidar, motstandskjempar | ||
Far | Otto von Gierke | ||
Medlem | Nasjonalforsamlingen i Weimar |
Anna Ernestine Therese von Gierke (14. mars 1874–3. april 1943) var ein tysk sosialpedagog og politikar for DNVP. Ho var ein pioner i utviklinga av det såkalla hort-konseptet i Tyskland, ei velferdsordning for barnehage- og skulebarn, medan foreldra var på arbeid. Gierke deltok frå ho var 18 år gammal i leiinga av «Jugendheim», ein hort-institusjon i Berlin-Charlottenburg, og fekk seks år seinare totalansvaret for institusjonen.
Gierke tok initiativet til fagutdanning for personalet, og yrkestittelen Hortnerin ('hortsøster') blir tilskriven henne. Ho organiserte dessutan Deutscher Kinderhorte, ein landsdekkjande paraplyorganisasjonen for hort-institusjonene. Gierke hjelpte regjeringa med å auka talet hort-institusjoner under fyrste verdskrigen, då det vart behov for mødrene i krigsindustrien, og det ikkje fanst tilstrekkeleg med barnehagar eller omsorgstilbod etter skuletid.
I 1919 vart Gierke medlem av den forfatningsgjevande nasjonalforsamlinga i Tyskland. Ho vart ikkje attvald i 1920, fordi ho vart rekna som «ikkje-arisk». I 1933 mista ho alle stillingar og verv av same grunn. Gierke arbeidde deretter innanfor Vedkjenningskyrkja. Gjennom kyrkja og den private institusjonen sin på Finkenkrug, hjelpte ho mellom anna foreldrelause, mellom anna jødiske, barn, til å overleva dei nasjonalsosialistiske styresmaktene.
Gierke hadde kvinner som mål for arbeidet sitt, men gav sjølv uttrykk for at ho var sosialpolitikar, ikkje forkjempar for kvinnerettar. Arbeidet hennar for barn hadde ikkje først og fremst velferda til mødrene som mål, men verna om dei tradisjonelle familieverdiane.