Anne-Grethe Leine Bientie | |
![]() | |
Statsborgarskap | Noreg |
Fødd | 2. juli 1954 (70 år) Bærum |
Yrke | skribent, salmediktar |
Anne-Grethe Leine Bientie på Commons |
Anne Grethe Leine Bientie (fødd 2. juli 1954) er ein norsk forfattar og salmediktar. Ho har jobba mykje med sørsamisk kyrkjeliv og skrive bøker og salmar på sørsamisk. Ho er gift med presten og salmediktaren Bierna Bientie.[1]
Anne-Grethe Leine Bientie kjem opphavleg frå Bærum og lærde seg sørsamisk som vaksen. Ho har skrive barnebøker og salmar på sørsamisk, og er representert med to salmar i Norsk salmebok 2013. Den siste boka hennar kom i 2015 og er ei bok på sørsamisk for utdeling i kyrkja si trusopplæringsarbeid.[2]
Saman med illustratøren Meerke Laimi Thomasson Vekterli laga ho barneboka Joekoen sjïehteles ryöjnesjæjja i 2014. Boka vart i 2018 nominert til Nordisk råds barne- og ungdomslitteraturpris.