Anno museum

Anno museum AS, som marknadsførar seg som ANNO Museene i Hedmark, vart skipa i 2009 ved at fleire store og små museum kringom i heile Hedmark vart slegne saman som Hedmark fylkesmuseum AS, som i 2014 endra namnet til Anno museum AS. Museet er organisert som eit aksjeselskap der Hedmark fylkeskommune er største aksjonæren med 35 % av aksjane, medan dei ulike stiftingane som eig dei einskilde musea som no har vorte avdelingar av Anno museum, har aksjepostar av ulike storleikar i selskapet. Administrasjonen har tilhald i Elverum.


From Wikipedia, the free encyclopedia · View on Wikipedia

Developed by Nelliwinne