Another Green World Studioalbum av Eno | ||
Språk | engelsk | |
Utgjeve | september 1975 | |
Innspelt | Juli–august 1975 i Island Studios, London | |
Sjanger | Kunstrock, ambient, eksperimentell | |
Lengd | 40:24 | |
Selskap | Island | |
Produsent | Brian Eno, Rhett Davies | |
Kritikk | ||
---|---|---|
|
||
Eno-kronologi | ||
Taking Tiger Mountain (By Strategy) (1974) |
Another Green World | Discreet Music (1975)
|
Another Green World er det tredje studioalbumet til den britiske musikaren Brian Eno. Det var produsert av Eno og Rhett Davies og opphavleg gjeven ut på Island Records i september 1975. Som han hadde gjort på dei førre soloalbuma, arbeidde Eno med fleire gjestemusikarar, mellom andre Phil Collins, John Cale og Robert Fripp. Albumet markerte ei ny musikalsk retning for Eno og ved å nytte instruksjonkorta Oblique Strategies for rettleiing, inneheld albumet færre tekstbaserte rockesongar og la større vekt på instrumentale stykke, mange utan hjelp av gjestemusikarar. Den mørke humoren i tekstane er òg endra til meir draumeaktige og forvirra songar.
Albumet nådde ikkje listene verken i USA eller Storbritannia, men vart godt tekne imot av kritikarane.