Antofagasta | |||
---|---|---|---|
| |||
Styresmakter | |||
Land Region |
Chile Antofagasta-regionen | ||
Geografi | |||
Flatevidd | 30 718 km² | ||
Innbyggjarar | 361 873 (2017) | ||
Innbyggjarar - By (2017) |
348 517[1] | ||
Høgd over havet | 40 m | ||
Tidssone | UTC-04:00 (UTC) | ||
Diverse anna | |||
Heimeside: https://www.municipalidadantofagasta.cl/ | |||
Nettstad: www.municipalidadantofagasta.cl/ | |||
Plassering | |||
Plassering av kommunen innanfor Antofagasta-regionen |
Antofagasta er ein hamneby og kommune, han er den byen i Norte Grande naturlege region i Chile med størst folkesetnad, og er hovudstaden i Antofagasta-regionen. Han er den sjette mest folkerike byen i landet og den mest folkerike kommunen utanfor Santiago metropol-regionen med 361 873 innbyggjarar, sjølv om han berre representerer 2,1 % av den totale folkesetnaden i landet.[2] Utnytting av mineral i området er vektig for næringslivet i Antofagasta, sidan 70-talet har ein sett vedvarande vekst knytt til bygg, handel og hotelldrift, og i byutvikling generelt.
Antofagasta blir rekna som byen med høgast inntekt per innbyggjar i Chile, tilsvarande 37 000 USD årleg.[3] Utviklinga kjem av hamne- og industriaktivitetar knytt til gruvedrifta som går føre seg i området. Han er rekna som byen med høgaste bustadprisar i landet.[4][5]
Antofagasta var vertskap for Copa América i 2015. Andre nasjonale og regionale konkurransar blir også arrangerte i byen, der fotball er sporten som tiltrekkjer seg mest publikum.
Det behagelege klimaet gjer byen til eit reisemål. Turistmåla inkluderer varehus, det historiske distriktet Antofagasta, strender og hamneområde, Mano del Desierto-skulpturen (handa i sanda) i Atacama og eit sølvstøyperi.
<ref>
-merke; ingen tekst vart gjeven for referansen med namnet censo17
<ref>
-merke; ingen tekst vart gjeven for referansen med namnet r4
<ref>
-merke; ingen tekst vart gjeven for referansen med namnet r5
<ref>
-merke; ingen tekst vart gjeven for referansen med namnet r6