Aqualung Studioalbum av Jethro Tull | ||
Språk | engelsk | |
Utgjeve | 19. mars 1971 | |
Innspelt | Desember 1970 – februar 1971 | |
Studio | Island Studios i Basing Street i London | |
Sjanger | Progressiv rock, folkrock, hardrock | |
Lengd | 42:55 | |
Selskap | Chrysalis/Island (Europa) Reprise (Amerika, Japan og Oceania) | |
Produsent | Ian Anderson, Terry Ellis | |
Jethro Tull-kronologi | ||
---|---|---|
Benefit (1970) |
Aqualung | Thick as a Brick (1972)
|
Singlar frå Aqualung | ||
|
Aqualung er det fjerde studioalbumet til rockebandet Jethro Tull. Det kom ut i 1971 og vart, sjølv om bandet var usamd, kalla eit konseptalbum med tema kring skilnaden mellom religion og Gud, hovudsakleg korleis organisert religion hadde avgrensa forholdet mellom menneske og Gud.[1] På albumet vert det grubla hartd over tru og religion og er eit av dei mest intelektuelle albuma som har nådd ut til millionar av lyttarar.[2] Suksessen til Aqualung var eit vendepunkt i karrieren til bandet og dei vart eit stort radio- og konsertband.
Det vart spelt inn i Island Records sine studio i London og var det første albumet med John Evan som fulltidsmedlem og det første med den nye bassisten Jeffrey Hammond, samt det siste med Clive Bunker på trommer. Albumet skil seg noko frå dei tidlegare albuma til bandet og har fleire akustiske songar enn før og har fleire tilbakevendande tema inspirert av bilete av heimlause folk ved Themsen, som var teken av kona til songaren Ian Anderson, Jennie.
Aqualung har seld over 7 millionar eksemplar verda over og er dermed det bestseljande albumet til Jethro Tull. Det har generelt fått god kritikk og er ofte inkludert på musikkmagasina sine ymse lister over beste album. Det vart gjeve ut ein singel frå albumet, «Hymn 43», som har vorte omtalt som ei inspirasjonskjelde for band som Iron Maiden.