Are You Ready Singel av AC/DC frå albumet The Razors Edge | ||
B-side | ||
---|---|---|
Utgjeve | 28. mars 1991 | |
Sjanger | hardrock | |
Lengd | 4:10 | |
Selskap | ||
Låtskrivar(ar) | ||
Produsent | Bruce Fairbairn | |
AC/DC-kronologi | ||
«Moneytalks» (1990) |
Are You Ready | «Highway to Hell (live)» (1992)
|
«Are You Ready» er ein song av det australske rockebandet AC/DC. Han finst på albumet The Razors Edge frå 1990. Eit konsertopptak av songen frå turneen med same namn kom ut på eitt av to konsertalbum av AC/DC i 1992, Live: 2 CD Collector's Edition. Låten gjekk til topps på singellista i New Zealand, og vart den einaste nummer éin-hitten deira der, og har vorte gullsertifisert for eit sal på over 5000. Låten nådde òg 16. plassen på den amerikanske Billboard Album Rock Tracks-lista, nummer seks i Irland, nummer 14 i Finland og nummer 18 i Australia. Bladet Music & Media kalla låten «det beste dømet på eit retorisk spørsmål».[1] «Are You Ready» vart brukt som det offisielle temaet for WWE SmackDown på Fox[2] og for NRK-serien Mesternes mester.