Arena er eit avgrensa område med tribunar rundt der ein kan driva med idrett, halda konsertar og ha liknande arrangement. Arenaene kan vera spesialiserte for eit formål, til dømes ein særskild idrett, eller vera lettare å tilpassa til ulike arrangement.
Opphavleg var arenaer sandstrødde sirkulære eller ovale opne kampplassar i romerske amfiteater. Ordet kjem frå latin harena, ein finkorna sand som vert nytta for å suga opp og dekka blodet som gladiatorane gav opphav til.[1]