Arendsee | |||
innsjø | |||
Land | Tyskland | ||
---|---|---|---|
Opphaldstid | 100 år | ||
Høgd over havet | 23,3 moh. | ||
Lengd | 3,3 km | ||
Breidd | 2 km | ||
Areal | 5,14 km² | ||
Middeldjupn | 29 m | ||
Største djupn | 50 m | ||
Volum | 147 millionar m³ | ||
Koordinatar | 52°52′N 11°28′E / 52.867°N 11.467°E | ||
Byar | Arendsee | ||
Arendsee 52°53′21″N 11°28′27″E / 52.8892°N 11.4742°E | |||
Wikimedia Commons: Arendsee (lake) |
Arendsee er ein innsjø i Tyskland. Han ligg i landkreis Altmarkkreis Salzwedel i delstaten Sachsen-Anhalt.
Innsjøen ligg 23 meter over havet og har eit areal på 5,1 km². På det djupaste er innsjøen 50 meter. Han er den største og djupaste naturlege innsjøen i Sachsen-Anhalt. Innsjøen ligg over ein saltdom. Hydrologisk er innsjøen meir eller mindre «isolert» og berre ein liten bekk knyter innsjøen indirekte til elva Elbe. Dette gjer at det tar 100 år før alt vatnet i innsjøen er skifta ut.