Argentinsk Antarktis | |||
sektor | |||
|
|||
Kravd av | ![]() | ||
---|---|---|---|
![]() Argentinsk Antarktis 75°00′S 49°30′W / 75°S 49.5°W | |||
Wikimedia Commons: Antártida Argentina |
Argentinsk Antarktis (spansk Antártida Argentina) er ein sektor av Antarktis som Argentina har gjort krav på og som dei reknar som ein del av sitt nasjonale territorium, sjølv om dette kravet ikkje er internasjonalt anerkjent og overlappar med britiske og chilenske kravområde i Antarktis. Argentinsk Antarktis består av Den antarktiske halvøya og ein trekanta seksjon som strekkjer seg til Sørpolen, og som er avgrensa av lengdegradene 25° V og 74 °V og breiddegraden 60° S.[1] Administrativt er Argentinsk Antarktis eit department i provinsen Tierra del Fuego, Antarktis, og Dei søratlantiske øyane. Styresmaktene for provinsen held til i Ushuaia og guvernøren peikar årleg ut ein fullmektig for den antarktiske regionen.
Den argentiske utforskinga av kontinentet starta tidleg på 1900-talet. José María Sobral var den første argentinaren som sette fot i Antarktis i 1901, og han var her to periodar med Den svenske antarktiskekspedisjonen til doktor Otto Nordenskiöld. Kort tid etter, i 1904, var Orcadas-basen alt fullt operasjonell. Fleire år seinare vart det oppretta andre basar, somme permanente og somme berre i drift til tider av året. Den første argentisnke ekspedisjonen som nådde Sørpolen var Operación 90 i 1965.
Dei argentinske oppgåvene i Antartis vert styrte av Instituto Antartico Argentino.
I følgje den siste argentinske folketeljinga i oktober 2010, budde det 230 folk i seks permanente basar, inkludert ni familiar og 16 barn: 75 i Marambio, 66 i Esperanza, 33 i Jubany, 20 i San Martín, 19 i Belgrano II og 17 i Orcadas.[2]