Arkimedes

Arkimedes
Άρχιμήδης

FøddἈρχιμήδης
ca. 287 f.Kr.
ancient Syracuse
Død212 f.Kr.
ancient Syracuse
Nasjonalitetancient Syracuse
Områdegeometri, matematikk, mekanikk, ingeniørvitskap, astronomi
Yrkematematikar, fysikar, astronom, oppfinnar, militæringeniør, filosof, ingeniør

Arkimedes (fødd 287 fvt i SiracusaSicilia og død 212 fvt) var ein gresk matematikar, fysikar, ingeniør, astronom, og filosof i den greske antikken. Sjølv om lite er kjent frå livet hans og få av skriftene hans er verna, blir han rekna som ein av dei viktigaste vitskapsmennene i den klassiske antikken. I tillegg til at han gjorde viktige oppdagingar innanfor matematikk og geometri, har han fått æra for å ha laga maskiner og innretningar som var langt føre si tid.[1]

Historikarar i Romarriket viste stor interesse for Arkimedes og skreiv fleire biografiar om livet og virket hans, og dei få kopiane som vart verna av avhandlingane hans skulle få stor innverknad på vitskapsfolk under renessansen.[2]

Arkimedes er blant folk flest mest kjend å ha oppdaga lova om oppdrifta til lekamar i vatn (kjend som Arkimedes-lova), medan han blant etterfølgjarane sine innanfor matematikken nok er mest kjend for å ha vore den første som gjorde ei summering av ei uendeleg rekkje med ein metode som er i bruk enno.

  1. http://www.idsia.ch/~juergen/archimedes.html
  2. arkivkopi, arkivert frå originalen 29. september 2007, henta 30. oktober 2011 

From Wikipedia, the free encyclopedia · View on Wikipedia

Developed by Nelliwinne