Arktisk klima

Område med arktisk klima i verda.

Arktisk klima er kjenneteikna ved at ein ikkje har varme somrar, og det vil seie at middeltemperaturen til den varmaste månaden aldri kjem over 10 °C. Ein har to forskjellige arktiske klima. Det minst harde av dei er tundraklimaet, der minst ein månad har middeltemperatur over 0 °C, medan den andre vert kalla «iskalottklima» eller permafrostklima, som har middeltemperaturar under 0 °C heile året. Arktisk klima er så pass kaldt at ein ikkje har trevekst i slike område, som ofte er dekte av isbrear og permanent isdekke.


From Wikipedia, the free encyclopedia · View on Wikipedia

Developed by Nelliwinne