Հայաստանի Հանրապետություն Hajastani Hanrapetut'jun (norsk: Armenia, armensk) | |||||||
---|---|---|---|---|---|---|---|
| |||||||
Nasjonalsong | «Mer Hayrenik» | ||||||
Offisielle språk | Armensk | ||||||
Hovudstad | Jerevan | ||||||
Styresett |
Republikk Armen Sargsian Nikol Pashinyan | ||||||
Flatevidd – Totalt – Andel vatn |
29 743 km² (140.) 1,3 % | ||||||
Folketal – Estimert (2017) – Tettleik |
3 045 191 (134.) 102,4 /km² (79.) | ||||||
Sjølvstende Frå Sovjetunionen |
21. september 1991 | ||||||
Nasjonaldag | 21. september | ||||||
BNP – Totalt (2015) – Per innbyggjar |
25 220 mill. USD (131.) 8 800 USD (116.) | ||||||
Valuta | Armensk dram | ||||||
Tidssone | UTC +4 | ||||||
Telefonkode | +374 | ||||||
Toppnivådomene | .am
|
Armenia er eit land som ligg i fjellkjeda Kaukasus vest i Asia, mellom Svartehavet og Kaspihavet. Landet har ikkje kystlinje og grensar til Tyrkia i vest, Georgia i nord, Aserbajdsjan og den sjølverklærte republikken Nagorno-Karabakh i aust, Iran i sør og den aserbajdsjanske eksklaven Nakhitsjevan i sør-vest. Armenia er medlem av Europarådet og Samveldet av uavhengige statar. Det blir av nokre rekna som del av Europa.