Arrival Studioalbum av Journey | ||
Språk | engelsk | |
Utgjeve | Desember 2000 (Japan) 3. april 2001 (USA) | |
Innspelt | Avatar Studios i New York City i 1999-2000 | |
Sjanger | Hardrock, arenarock | |
Lengd | 73:57 | |
Selskap | Columbia/Sony | |
Produsent | Kevin Shirley | |
Journey-kronologi | ||
---|---|---|
Greatest Hits Live (1998) |
Arrival | The Essential Journey (2001)
|
Meldingar | |
---|---|
Karakter | |
Kjelde | Karakter |
AllMusic | ![]() ![]() ![]() ![]() ![]() |
Rolling Stone | (middels)[2] |
PopMatters | (positiv)[3] |
Arrival er det 11. studioalbumet til det amerikanske rockebandet Journey, gjeve ut i 2001. Ein versjon med ein song byta ut kom ut i Japan alt i 2000. Det var det første albumet deira med den nye vokalisten Steve Augeri, som erstatta den populære frontmannen Steve Perry, og med Deen Castronovo, som erstatta Steve Smith på trommer.
«Arrival» består av ein type hardrock som minnar om stilen bandet hadde i 1970- og 1980-åra, men òg fleire balladar i signaturstilen til bandet med Perry. Vokalstilen til frontmannen Augeri har òg ein stil som minner om Perry. Albumet selte relativt godt og nådde 12. plassen på Billboard's Top Internet Albums-lista. Arrival fekk blanda kritikk, der nokre meinte det var formelbasert, medan andre roste element som gitarspelinga til Neal Schon.[1]