Ars moriendi

For diktsamlinga av Georg Johannesen, sjå Ars Moriendi, eller De syv dødsmåter.
Illustrasjonen for åndeleg hovmod: djevlane viser fram gullkroner til den døyande, eit symbol på verdsleg hovmod, medan Kristus, Maria og Gud Fader ser på med misnøye.

Ars moriendi (latin for «kunsten å døy») var tittelen på eit vidgjete kristent, illustrert mellomalderverk frå 1400-talet som vart mykje lese i samtida. Verket kom ut 60 år i etterkant av den store pesta og skildra gode og vonde krefter i kamp om menneskesjela og korleis ein skulle få ein god død.


From Wikipedia, the free encyclopedia · View on Wikipedia

Developed by Nelliwinne