Ashdod | |||
by | |||
Ashdod
| |||
|
|||
Land | Israel | ||
---|---|---|---|
Distrikt | Det sørlege distriktet | ||
Koordinatar | 31°48′0″N 34°39′0″E / 31.80000°N 34.65000°E | ||
Areal | 47,242 km² | ||
Folketal | 240 400 (2013)[1] | ||
Grunnlagd | 1956 | ||
• Bystatus | 1968 | ||
Ashdod 31°47′52″N 34°39′01″E / 31.797777777778°N 34.650277777778°E | |||
Kart som viser Ashdod.
| |||
Wikimedia Commons: Ashdod |
Ashdod (hebraisk skrift אַשְׁדּוֹד; arabisk اشدود, إسدود Isdud) er den femte største byen i Israel, i Det sørlege distriktet ved kysten av Middelhavet, 32 km sør for Tel Aviv, 20 km nord for Ashkelon og 53 km vest for Jerusalem. Ashdod er eit viktig industrisenter i regionen. Hamna i Ashdod er den største hamna i ISrael, og tar i mot 60% av importerte varer i landet.
Den første dokumenterte busetnaden i Ashdod går attende til kanaanittisk kultur på 1600-talet fvt.,[2] noko som gjer han til ein av dei eldste byane i verda. Ashdod er nemnt 13 gonger i Bibelen. Gjennom historia har byen vore busett av filistrane, israelittane, bysantinarane, krossfararar og arabarar.[3]
Den moderne Ashdod vart grunnlagd i 1956 på sandåsane nær den eldgamle byen, og fekk bystatus i 1968. Landareal dekkjer kring 60 kvadratkilometer. Han er ein planlagd by og vart utvida følgje ein utviklingsplan, som forenkla trafikken og hindra luftforrureining i bustadområde, trass i folkevekst. I følgje Israelsk statistisk sentralbyrå hadde Ashdod eit folketal på 240 400 ved byrjinga av 2013, den sjette største byen i Israel,[4] og eit areal på 47 kvadratkilometer.[5]