At Fillmore East

At Fillmore East
Konsertalbum av The Allman Brothers Band
Språk engelsk
Utgjeve Juli 1971
Innspelt 12. og 13. mars 1971
Fillmore East
(New York City)
Sjanger Southern rock, blues, bluesrock, jamrock, jazzrock
Lengd 78:13
Selskap Capricorn
Produsent Tom Dowd
The Allman Brothers Band-kronologi 
Idlewild South
(1970)
At Fillmore East Eat a Peach
(1972)


Meldingar
Karakter
KjeldeKarakter
Allmusic5/5 stars
Robert Christgau(B−)
Rolling Stone5/5 stars

At Fillmore East er det første konsertalbumet til det amerikanske rockebandet The Allman Brothers Band, og det tredje albumet deira totalt. Produsenten var Tom Dowd og albumet kom ut i juli 1971 i USA på Capricorn Records. Som tittelen indikerer fann innspelinga stad i New York City på konsertstaden Fillmore East, som vart driven av Bill Graham. Det vart spelt inn i løpet av tre kveldar i mars 1971 og består mellom anna av lange jam-versjonar av songar som «Whipping Post», «You Don't Love Me» og «In Memory of Elizabeth Reed». Då albumet kom ut vart det gjeve ut som eit dobbeltalbum me berre sju songar fordelt på fire vinylsider.

At Fillmore East var det kunstnariske og kommersielle gjennombrotet for bandet, og er av somme kritikarar trekt fram som eit av dei beste konsertalbuma i rockehistoria. Albumet har selt godt og vart det første albumet deira som selde til platinaplate i USA.

I 2004 var albumet eit av femti valt ut av Library of Congress for National Recording Registry, eit platearkiv som tek vare på innspelingar som vert rekna som særleg viktig i amerikansk musikkhistorie. Rolling Stone plasserte albumet på 49. plassen på lista si over dei 500 beste albuma gjennom tidene i 2003 og skildra det som «Det beste doble konsertalbumet i rockehistoria».[1] Albumet er òg med i bøkene 1001 Albums You Must Hear Before You Die (2005) og 1,000 Recordings To Hear Before You Die (2008).[2][3] I sistnemnde skreiv forfattaren Tom Moon at nesten førti år etter det kom ut «er albumet framleis eit av dei beste konsertalbuma i rockehistoria. Umedgjerleg og høglydt er det perfekt køyremusikk på ein veg held fram i det uendelege.»[2]

  1. «500 Greatest Albums of All-Time». Rolling Stone (New York City: Wenner Media LLC). 11. desember 2003. ISSN 0035-791X. Arkivert frå originalen 26. mars 2014. Henta 25. mars 2014. 
  2. 2,0 2,1 Moon, Tom (2008). 1,000 Recordings To Hear Before You Die. Workman Publishing Company. ISBN 978-0-7611-3963-8.  pp16–17.
  3. Dimery, Robert (2005). 1001 Albums You Must Hear Before You Die. Tristan de Lancey. ISBN 1-84403-392-9.  p. 230.

From Wikipedia, the free encyclopedia · View on Wikipedia

Developed by Nelliwinne