Athens Andover

Athens Andover
Studioalbum av The Troggs
Språk engelsk
Utgjeve Mars 1992
Innspelt September 1991
Sjanger Rock
Lengd 45:23
Selskap Rhino Records
Produsent Larry Page

Athens Andover eit musikkalbum som er laga som eit samarbeid mellom The Troggs og tre fjerdedelar av R.E.M. Det vart utgjeve i mars 1992, og namnet kjem frå dei to heimbyane til banda, Andover i Hampshire i England og Athens i Georgia i USA.

Samarbeidet kom i gang etter at R.E.M. laga ein coverversjon av «Love Is All Around» av frontfiguren i The Troggs, Reg Presley. Denne spela dei på konsertar under promoteringa av albumet Out of Time.

Opptaket fann stad i ein periode på éi veke i september 1991 i John Keane sitt studio i Athens. Bill Berry, Mike Mills og Peter Buck var med frå R.E.M. Vokalist Michael Stipe var ikkje med på dette prosjektet. Songen «Nowhere Road» er laga av R.E.M.-trioen saman med Peter Holsapple frå The dB’s, som også var støttemusikar under turnéen deira i 1991.

Albumet vart utgjeve på nytt av The Troggs i 1996 som Athens, Georgia & Beyond, då med sju nye spor som ikkje var opptekne under R.E.M.-samarbeidet.


From Wikipedia, the free encyclopedia · View on Wikipedia

Developed by Nelliwinne