Atlanterhavskabelen eller TAT ( Trans Atlantic Telephone Cable ) er ein sjøkabel for telekommunikasjon over Atlanterhavet.
Ofte forbind ein Atlanterhavskabelen med den første transatlantiske kabel som vart lagt i 1866 av Cyrus Field mellom Irland og Newfoundland, meint for telegrafi. Før den vart lagd kunne ein berre kommunisera mellom Europa og Amerika med fartøy som vanlegvis tok minst ti dagar. Kabelen minska tida til nokre få minutt, så spørsmål kunne telegraferast over Atlanterhavet og svaret kunne telegraferast tilbake same dag. På 1870-talet vart det skapt doble og firedobla til sendings- og mottaksystem som kunne formidla fleire meldingar samstundes gjennom kabelen.
Den høge motstanden i kabelen veikte telesignala kraftig. Først på 1950-talet kom sjøkablar med innbygde forsterkere og då vart det mogleg å kommunisera over lengre avstandar med telefontrafikk som til då var vist til radio, no går den via telekommunikasjonssatellittar.
I 1956 vart den første transatlantiske sjøkabelen for telefonkommunikasjon lagt. Den vart kalla TAT-1 og 1959 følgde TAT-2. Den første transatlantiske fiberoptiske kabelen (TAT-8) vart lagt 1988 og den hadde ein kapasitet på 40 000 samtalar samstundes. Sidan midten av 1990-talet har fiberoptiske sjøkablar nesten heilt teke over trafikken. Den siste atlanterhavskabelen (TAT-14) vart innstallert år 2000, den har ein kapasitet på 64×10 Gbit/s.(gigabyte)