Auberge Studioalbum av Chris Rea | ||
Utgjeve | April 1991 | |
Innspelt | Studio Miraval | |
Sjanger | Albumorientert rock | |
Lengd | 54:33 (59:15) | |
Selskap | East West, Atco | |
Produsent | Jon Kelly | |
Chris Rea-kronologi | ||
---|---|---|
The Road to Hell (1989) |
Auberge | God's Great Banana Skin (1992)
|
Meldingar | |
---|---|
Karakter | |
Kjelde | Karakter |
Allmusic | [1] |
Auberge (fransk for «vertshus») er det ellevte studioalbumet til Chris Rea, gjeve ut i 1991. Albumet, og tittelsongen, var knytt til bilen Caterham Super Seven, som han eigde, og som han kalla «Blue Seven». Bilen er med på omslaget, illustrert i eit oljemåleri av den kjende motorkunstnaren Alan Fearnley.[2] Fleire av songane på albumet refererer til bilen, det same gjer musikkvideoen av songen.[3] I 2005 selde Rea bilen på ein auksjon.[4] Auberge nådde toppen på albumlista i Storbritannia i 1991. Tittelsporet vart òg ein av dei største hittane hans med ein 16. plass på den britiske singellista. Andre songar som kom ut som singlar frå albumet var «Heaven», «Looking for the Summer» og «Winter Song». Ein annan song, «And You My Love», sjølv om han ikkje vart gjeven ut som singel, vart ein stor favoritt hos fansen til Rea og vart mykje spelt på konsertane hans.