Aukra kommune | |||
kommune | |||
|
|||
Land | ![]() | ||
---|---|---|---|
Fylke | Møre og Romsdal | ||
Adm.senter | Aukra | ||
Areal | 60,64 km² | ||
• land | 60,54 km² | ||
• vatn | 0,10 km² | ||
Folketal | 3 759 (1. januar 2025) | ||
Målform | nynorsk | ||
Ordførar | Helge Kjøll jr. (KrF) | ||
Kommunenr. | 1547 | ||
![]() Aukra kommune 62°48′18″N 6°53′14″E / 62.805°N 6.88722°E | |||
Wikimedia Commons: Aukra | |||
Nettstad: www.aukra.kommune.no |
Aukra er ein kommune i Romsdal i Møre og Romsdal. Kommunen ligg ved kysten og grensar til Molde kommune i sør, Hustadvika kommune i aust og til øyane i tidlegare Sandøy, no Ålesund kommune i vest.
Det bor om lag 3500 menneske i kommunen. Størstedelen av desse bur på øya Gossa, medan om lag 600 bur på fastlandsdelen av Aukra, Julsundet.
Gossen har i den seinare tid opplevd ei stor industriell utbygging. Eit prosessanlegg for handsaming av naturgass ligg i Nyhamna på Gossa.[1] Terminalen tar imot rikgass frå Ormen Lange og Aasta Hansteen-felta og eksporterer tørrgass gjennom gassrøyrleidninga Langeled til Easington i England via Sleipner.[2]
Før gassen kom til Aukra, var dei største skatteinntektene der henta frå landbruk, fiskeindustri og skipsbygging.
Aukra kyrkje ligg på Gossa og er kyrkje for heile kommunen.