Aure kyrkje | |||
kyrkje | |||
Foto: Halvard Hatlen | |||
Kyrkjesamfunn | Den norske kyrkja | ||
---|---|---|---|
Bispedøme | Møre | ||
Prosti | Ytre Nordmøre | ||
Sokn | Aure | ||
Fellesråd | Aure | ||
Type | krosskyrkje | ||
Arkitekt | Nils Ryjord | ||
Material | tre | ||
Innvigd | 24. oktober 1924 | ||
Døypefont | Frå 1720 | ||
Altartavle | Frå 1730/1793, av Peder Knutsen Kjørsvik/Lars Halvorsen Dreier | ||
Sitjeplassar | 800 | ||
Aure kyrkje 63°15′57″N 8°31′42″E / 63.2658°N 8.5282°E | |||
Wikimedia Commons: Aure kirke |
Aure kyrkje, som står i Aure sentrum i Aure kommune på Nordmøre i Møre og Romsdal fylke, er soknekyrkje i Aure sokn.
Staden der ho står har vore kyrkjestad sidan 900-talet.[treng kjelde] For å skaffa pengar i statskassa selde danskekongen den gamle stavkyrkja, Sankta Maria-kyrkja frå mellomalderen, til rådmann Lorents Holst i Trondheim i 1726. Holst reiv kyrkja og bygde ei ny krosskyrkje, lafta av tømmer frå Aurdalen. Nykyrkja vart teken i bruk i 1727. I 1923 brann denne kyrkja opp etter eit lynnedslag. Somt inventar vart berga, mellom anna eit altarskåp frå kring 1460. Det er eit Maria-skåp laga i Flanderen.[1]