60°54′N 7°12′E / 60.900°N 7.200°E
Aurland kommune | |||
kommune | |||
|
|||
Land | Noreg | ||
---|---|---|---|
Fylke | Vestland | ||
Adm.senter | Aurlandsvangen | ||
Areal | 1 468 km² | ||
• land | 1 386 km² | ||
• vatn | 82 km² | ||
Folketal | 1 800 (1. januar 2024) | ||
Målform | nynorsk | ||
Ordførar | Kjell Bøe Bjørgum (Ap) (2023) | ||
Kommunenr. | 4641 | ||
Aurland kommune 60°54′00″N 7°10′00″E / 60.9°N 7.166667°E | |||
Kart som viser Aurland kommune.
| |||
Wikimedia Commons: Aurland | |||
Nettstad: www.aurland.kommune.no |
Aurland er ein kommune i Indre Sogn i Vestland fylke. Han grensar i nordvest mot Vik, i nordaust mot Lærdal, i søraust mot Hol i Buskerud fylke og i sør og sørvest mot Voss og Ulvik.
Kommunesenteret heiter Aurlandsvangen. Andre bygder er Flåm, Gudvangen, Undredal og Vassbygdi. Kommunen femner om eit svært berglendt landskap der om lag 80 % av arealet ligg over 900 moh. Høgste punktet er Blåskavlen på 1809 moh.