![]() | |||
Forfattar(ar) | Elizabeth Barrett Browning | ||
---|---|---|---|
Språk | engelsk | ||
Utgjeven | 1856 |
Aurora Leigh er eit episk dikt/verseroman av Elizabeth Barrett Browning frå 1856. Det er skrive i blankvers og omfattar ni bøker. Det er ei fyrstepersonsforteljing, frå synsvinkelen til Aurora; den andre heltinna, Marian Erie, er eit misbrukt, sjølvlært barn av omreisande foreldre. Handlinga føregår i Firenze, Malvern, London og Paris. Verket refererer til bibelsk og klassisk historie og mytologi, og til moderne romanar, som Corinne ou l'Italie av Anne Louise Germaine de Staël og romanane til George Sand. I Bok 1-5 fortel Aurora om fortida si, frå barndomen til ho er rundt 27 år; i Bok 6-9, har forteljinga nådd samtida hennar, og ho fortel om hendingar i dagbokform. Forfattaren kalla diktet «ein roman på vers», og refererte til det som «det mognare av verka mine, og det som har i seg dei høgaste overtydingane mine kring Livet og Kunsten.» Forskaren Deirdre David hevdar at Barrett Browning sitt arbeid i Aurora Leigh gjer henne til «ein stor figur i kva som helst samanheng, av ein kvinneleg forfattar på 1800-talet og innan viktoriansk poesi generelt».[1] John Ruskin kalla det det største lange diktet av 1800-talet.[2]