Aust-Beskidane og Dei ukrainske Karpatane

Grofa i Gorganyfjella

Aust-Beskidane og Dei ukrainske Karpatane er ei geologisk gruppe fjellkjeder i Ytre Aust-Karpatane, som hovudsakleg ligg i Ukraina. Regionen omfattar fjella heilt søraust i Polen og heilt aust i Slovakia, og dei strekkjer seg frå her sørover gjennom det vestlege Ukraina til grensa til Romania.

Mange tradisjonar, språk og nasjonalitetar har utvikla overlappande variantar for inndeling og namn av desse fjellkjedene. Det polske namnet for heile regionen er Beskidy Wschodnie, Aust-Beskidane, det slovakiske namnet er Poloniny; og ukrainarane kallar fjella Dei ukrainske Karpatane.

Ved trepunktsgrensa dannar delar av dei slovakiske Bukovecfjella (Bukovské vrchy), polske Bieszczadyfjella (Bieszczady Zachodnie) og den tilstøyttande Uzjansky nasjonalpark og Nadsianskyj regionale landskapspark i Ukraina den fleirnasjonale Aust-Karpatane biosfærereservat.


From Wikipedia, the free encyclopedia · View on Wikipedia

Developed by Nelliwinne