Autoimmun sjukdom

Autoimmune sjukdommar oppstår som følgje av abnorme immunresponsar mot stoff og vev som finst i kroppen (autoimmunitet).[1] Det kan avgrensast til spesifikke organ (t.d. autoimmun tyreoiditt), eller til spesifikke vev i ulike områder (t.d. Goodpastures sjukdom, som kan verke på basalmembranen i både lunga og nyra).

Behandlinga av autoimmune sjukdommar plar å vere med immunsuppresjon — immunsupprimerande lækjemiddel som senkjer immunresponsen.[2]

Mange immunsjukdommar er stadfesta. Ei større forståing av den underliggande patofysiologien til autoimmune sjukdommar skuldast bruken av genomskanning, som har identifisert ei påfallande grad av genetiske likskapar mellom autoimmune sjukdommar.[3]

  1. «Autoimmune sykdommer». Norsk helseinformatikk, nhi.no. 9. september 2013. Arkivert frå originalen 18. mars 2015. Henta 11. januar 2015. 
  2. «immunosuppresjon». Store Norske Leksikon. 15. februar 2009. Henta 11. januar 2015. 
  3. Cotsapas C, Hafler DA (2013). «Immune-mediated disease genetics: the shared basis of pathogenesis». Trends in Immunology 34 (1): 22–6. 

From Wikipedia, the free encyclopedia · View on Wikipedia

Developed by Nelliwinne