Avnei Hefetz | |||
אַבְנֵי חֵפֶץ, Avne Hefez, Avnei Chefetz | |||
landsby | |||
Namneopphav: Edelsteinar | |||
Land | ![]() | ||
---|---|---|---|
Region | Vestbreidda | ||
Distrikt | Judea- og Samaria-området | ||
Kommune | Shomron | ||
Koordinatar | 32°17′4.66″N 35°4′26.33″E / 32.2846278°N 35.0739806°E | ||
Folketal | 1 709 (2015)[1] | ||
Grunnlagd | 1990 | ||
• Grunnlagd av | studentar frå Karnei Shomron | ||
![]() Avnei Hefetz 32°17′05″N 35°04′26″E / 32.284627777778°N 35.073980555556°E | |||
Wikimedia Commons: Avnei Hefetz |
Avnei Hefetz (hebraisk skrift אַבְנֵי חֵפֶץ, tyder 'Edelsteinar') er ei israelsk busetjing langs vestkanten av den nordlege, okkuperte Vestbreidda. I 2015 hadde ho eit folketal på 1 709. Busetjinga er underlagt Shomron regionale kommune og ligg like ved Tulkarm, Einav og Sal'it. Dei næraste israelske byane Netanya i vest og Kfar Saba i sørvest, begge kring 25 minuttar med bil unna.
Det internasjonale samfunnet reknar israelske busetjingar i Vestbreidda ulovlege i følgje folkeretten, medan dei israelske styresmaktene hevdar dei har retten på si side.[2]
Avnei Hefetz vart grunnlagd i 1990 av ei gruppe israelske ortodokse-jødiske studentar frå Karnei Shomron Hesder Yeshiva med støtte frå Amana.