Axel Heibergbreen | |||
isbre | |||
Land | ![]() | ||
---|---|---|---|
Fjellkjede | Dronning Maudfjella | ||
Stad | Ross Dependency | ||
- koordinatar | 85°25′S 163°0′W / 85.417°S 163.000°W | ||
Lengd | 48 km | ||
Munning | Rossisen | ||
Administrert under | Antarktistraktaten | ||
![]() Axel Heibergbreen 85°25′00″S 163°00′00″W / 85.416666666667°S 163°W | |||
Wikimedia Commons: Axel Heiberg Glacier |
Axel Heibergbreen i Antarktis er ein dalbre som er 48 km lang og som fell ned frå store høgder på Det antarktiske platået og ut i Rossisen mellom Herbert Range og Mount Don Pedro Christophersen i Dronning Maudfjella.
Denne store isbreen vart oppdaga i november 1911 av Roald Amundsen, som kalla han opp etter Axel Heiberg, ein norsk forretningsmann som støtta mange norske polekspedisjonar. Amundsen nytta denne breen på veg opp til polplatået då han som førstemann nådde Sørpolen.[1]
I motsetnad til store utløpsbrear som Beardmore-, Shackleton- og Livbreen, er Axel Heibergbreen i røynda ein fjellbre, avskoren frå platået av ein doleritt-kant og får berre is frå uvanleg mykje snøfall i sitt eige nedslagsfelt. Han har eit høgdefall på over 3000 meter over berre 30 km, det meste på berre litt over 11 km.[2]
<ref>
-merke; ingen tekst vart gjeven for referansen med namnet gnis