Axis: Bold as Love Studioalbum av The Jimi Hendrix Experience | ||
Språk | engelsk | |
Utgjeve | 1. desember 1967 (UK) 15. januar 1968 (USA) | |
Innspelt | Mai-juni, oktober 1967 Olympic Studios (London) | |
Sjanger | Psykedelisk rock, bluesrock, hard rock | |
Lengd | 38:49 | |
Selskap | Track (mono & stereo) Barclay (stereo) Polydor (Europa - forskjellig stereomiks, andre stader berre stereo) Reprise (mono & stereo) MCA (stereo CD & mono LP) | |
Produsent | Chas Chandler | |
Kritikk | ||
---|---|---|
The Jimi Hendrix Experience-kronologi | ||
Are You Experienced (1967) |
Axis: Bold as Love | Electric Ladyland (1968)
|
Axis: Bold as Love er det andre studioalbumet av The Jimi Hendrix Experience. Etter press frå plateselskapet til å kome med ein oppfølgjar til debutalbumet Are You Experienced frå mai 1967, vart Axis: Bold as Love gjeven ut på Track Records i Storbritannia i desember 1967. Det nådde femteplassen i Storbritannia og seinare tredjeplassen i USA.[1]
Albumet vart spelt inn for å fullføre platekontrakten til bandet, som sa at dei måtte lage to album i 1967. Det vart likevel ikkje gjeve ut i USA før 1968 på grunn av frykt for at det ville forstyrre salet av det første albumet, som selde særs godt.[2] Bassist Noel Redding har sagt at dette var favorittalbumet hans av dei tre Experience-albuma. Han spelar sjølv åtte strengsbass på somme songar.[2]
Like før albumet var ferdig, la Hendrix att masterteipen til side 1 i ein taxi. Dei vart aldri funnen att, og A-sida måtte derfor miksast på nytt.[2]