Babe av Styx

Babe
Singel av Styx
frå albumet Cornerstone
B-side

I'm O.K.

Utgjeve September 1979
Innspelt 1979
Sjanger Softrock[1]
Lengd 4:01 (singel)
4:25 (album)
Selskap A&M
Låtskrivar(ar) Dennis DeYoung
Produsent
Styx-kronologi 
«Renegade»
(1979)
Babe «Why Me»
(1980)


«Babe» er ein song av det amerikanske rockebandet Styx. Han vart gjeven ut som den første singelen frå albumet Cornerstone i 1979. Det var den første og einaste Styx-singelen som gjekk heilt til topps på den amerikanske singellista, der han låg i to veker i desember 1979. «Babe» nådde òg niandeplassen på Adult Contemporary-lista.[2] Det låg òg seks veker på toppen av den kanadiske singellista i desember 1979 og inn i januar 1980. Det var òg den einaste songen deira som nådde høgt på den britiske singellista, der han nådde sjetteplassen. Songen gjekk òg til topps i Sør-Afrika.[3]

  1. «VH1's 40 Most Softsational Soft-Rock Songs». Stereogum. SpinMedia. 31. mai 2007. Henta 1. juni 2020. 
  2. Whitburn, Joel (2002). Top Adult Contemporary: 1961-2001. Record Research. s. 236. 
  3. «Springbok SA Top 20». Henta 27. februar 2018. 

From Wikipedia, the free encyclopedia · View on Wikipedia

Developed by Nelliwinne