Back in Black Studioalbum av AC/DC | ||
Språk | engelsk | |
Utgjeve | 25. juli 1980 | |
Innspelt | April og mai 1980 | |
Studio | Compass Point (Nassau) | |
Sjanger | ||
Lengd | 42:11 | |
Selskap | ||
Komponist | Angus Young | |
Tekstforfattar | Brian Johnson | |
Produsent | Robert John «Mutt» Lange | |
AC/DC-kronologi | ||
---|---|---|
Highway to Hell (1979) |
Back in Black | For Those About to Rock We Salute You (1981)
|
Singlar frå Back in Black | ||
|
Back in Black er det sjuande studioalbumet til det australske rockebandet AC/DC, gjeve ut av Albert Productions og Atlantic Records den 25. juli 1980. Det var det første albumet til bandet med Brian Johnson som vokalist, etter at den tidlegare vokalisten Bon Scott døydde.
Etter det kommersielle gjennombrotet med albumet Highway to Hell i 1979, planla AC/DC å spela inn ein oppfølgjar, men i 1980 døydde Scott av alkoholforgifting etter ei fyllekule. I staden for å oppløysa gruppa, bestemde medlemmene som var att seg for å halda fram og rekrutterte Johnson, som tidlegare hadde vore vokalist i Geordie.
Albumet vart komponert av Johnson og brørne Angus og Malcolm Young, og spelt inn over sju veker på Bahamas frå april til mai 1980 med produsenten Robert John «Mutt» Lange, som òg hadde produsert Highway to Hell. Etter ferdigstillinga miksa gruppa Back in Black i Electric Lady Studios i New York City. Det heilsvarte plateomslaget vart designa som eit «teikn på sorg» etter Scott.
Back in Black vart ein kommersiell og kritisk suksess utan sidestykke. Den har selt om lag 50 millionar eksemplar på verdsbasis,[2][3][4][5] og gjorde det til eit av dei bestseljande albuma i musikkhistoria. AC/DC følgde opp albumet med ein årelang verdsturné som gjorde dei til ei av dei mest populære musikkgruppene på byrjinga av 1980-talet. Albumet fekk god mottaking av kritikarane då det først vart gitt ut, og har sidan vorte inkludert på ei rekkje listar over «beste» album. Den 9. desember 2019 vart albumet sertifisert som 25× Platina av Recording Industry Association of America (RIAA), noko som gjorde det til det fjerde bestseljande albumet i USA, og det bestseljande albumet som aldri nådde førsteplassen på dei amerikanske hitlistene.[6]