Bad Moon Rising Singel av Creedence Clearwater Revival frå albumet Green River | ||
B-side |
«Lodi» | |
---|---|---|
Språk | engelsk | |
Utgjeve | April 1969 | |
Innspelt | Mars 1969 i Wally Heider's Studio i San Francisco i California | |
Sjanger | Roots-rock, swamp-rock | |
Lengd | 2:21 | |
Selskap | Fantasy | |
Komponist | John Fogerty | |
Tekstforfattar | John Fogerty | |
Låtskrivar(ar) | John Fogerty | |
Produsent | John Fogerty | |
Creedence Clearwater Revival-kronologi | ||
«Proud Mary» (1969) |
Bad Moon Rising | «Green River» (1969)
|
«Bad Moon Rising» er ein song skriven av John Fogerty og framført av Creedence Clearwater Revival. Han var den første singelen frå det tredje albumet deira, Green River, og kom ut i april 1969, fire månader før albumet. Songen nådde andreplassen på Billboard Hot 100 og toppen av UK Singles Chart, der han låg i tre veker i september 1969. Han var den andre singelen til CCR som selde til gullplate i USA.[1]
Songen har vorte spelt inn av minst 20 andre artistar, i stilar som varierer frå folk til reggae til psykedelisk rock.
I 2011 rangerte Rolling Stone songen på 364. plass på lista si over dei 500 beste songane gjennom tidene.