Ein bajonett (eller byrsekniv[1]) er eit blankvåpen med kort eller lang klinge som vert montert i eller ved munningen på eit gevær. Geværet fungerer då som eit stikkvåpen i nærkamp. Bajonetten kan vere forma som ein kniv, ein kårde eller sabel. Bajonettar vart vanleg på siste halvdel av 1600-talet.
Ordet har usikkert opphav, men kan henge saman med den franske byen Bayonne.