Balalaika | |||
![]() | |||
Andre namn | russisk балала́йка | ||
---|---|---|---|
Klassifisering | luttinstrument med skålforma kropp og hals, slaviske musikkinstrument | ||
Hornbostel-Sachs klassifisering | 321.321 |
Balalaika er eit luttaktig strengeinstrument av russisk opphav. Det har ein karakteristisk triangulær kropp og tre strengar. Instrumentet blir laga i seks ulike storleikar frå piccolo til kontrabass.[1] Prima-balalaika er den vanlegaste typen.
Ein speler prima-, secunda- og alt-balalaika ved å klimpra på strengane med fingrane eller eit plekter. Til bass- og kontrabass bruker ein lêr-plekter. Til piccolo-instrumentet blir det også vanlegvis brukt eit plekter.[2] Strengane kling ikkje lenge etter anslag, så ein speler ved å slå dei an ganske raskt.
To av strengane er vanlegvis stemte til same tone, medan den tredje vanlegvis er stemt ein kvart høgare. Prima-balalaika er vanlegvis stemt E4–E4–A4. Balalaikaen kan også stemmast «som gitar» av folkemusikarar med G3–B3–D4, som dei tre høgaste strengane på russisk gitar. Dette gjer det lettare å spela for russisk gitarspelarar. Balalaikaen kan også stemmast E4–A4–D5, likt domrastemming, for å gjera det lettare for dei som har lært å spela domra å spela balalaika.[3] Andre folkemusikkstemmingar er D4–F♯4–A4 og C4–E4–G4.[4]