Bali

Bali
provins
Symbol
Land  Indonesia
Del av De små Sundaøyer, Bali
Areal 5 632,86 km²
Folketal 4 225 384 (2014)
Kart
Bali
8°20′06″S 115°05′17″E / 8.335°S 115.08805555556°E / -8.335; 115.08805555556
Bali på kart over Indonesia.
Bali på kart over Indonesia.
Bali på kart over Indonesia.
Wikimedia Commons: Bali

Bali er ei øy og ein provins i Indonesia. Ho er ein del av ei øyrekkje der Java ligg vest og Lombok aust for henne.

Bali har ein folkesetnad på 4,2 millionar menneske der fleirtalet er hinduar. Ho er kjend for ei rekkje særmerkte kunstformer innan musikk, dans, skulptur, biletkunst, lêr- og metallarbeid, mellom anna gamelanmusikk og balinesisk skuggeteater. Øya har mykje turisme og er kjend som ei tropisk paradisøy. Sidan 2002 er ho òg blitt eit bombemål for islamistiske terroristar.

Dei viktigaste byane på Bali er den nordlege hamnebyen Singaraja og hovudstaden Denpasar, som ligg nær kysten i sør. Ubud blir sett på som eit kulturelt midtpunkt på Bali.


From Wikipedia, the free encyclopedia · View on Wikipedia

Developed by Nelliwinne