Ballon d'Alsace | |||
fjell | |||
Land | ![]() | ||
---|---|---|---|
Fjellkjede | Vogesane | ||
Høgd | 1 247 moh. | ||
Primærfaktor | 211 m | ||
Koordinatar | 47°49′20″N 6°50′42″E / 47.82222°N 6.84500°E | ||
![]() Ballon d'Alsace 47°49′20″N 6°50′43″E / 47.822222222222°N 6.8452777777778°E | |||
Wikimedia Commons: Ballon d'Alsace |
Ballon d'Alsace er eit fjell på grensa mellom Alsace, Lorraine og Franche-Comté. Frå toppen kan ein sjå Vogesane, Rhindalen, Schwarzwald og Alpane. Fjellet er 1 247 moh, og har ein primærfaktor på 211 meter. Ein veg passerer nær toppen i ei høgd på 1 171 moh.
Ballon d'Alsace er kjend for å ha hatt den første offisielle klatreetappen i Tour de France. Det skjedde 10. juli 1905, og vart vunne av René Pottier. Etappe 9 i 2005-utgåva av Tour de France kryssa dette passet på hundreårsdagen etter den første etappen her.