Band on the Run

Band on the Run
Studioalbum av Paul McCartney and Wings
Språk engelsk
Utgjeve 5. desember 1973 (USA)
7. desember 1973 (Storbritannia)
Innspelt August–oktober 1973
Studio EMI Studios og ARC Studio i Lagos i Nigeria; AIR Studios og Kingsway Recorders i London[1]
Sjanger Rock
Lengd 41:08 (britisk)
44:17 (amerikansk)
Selskap Apple
Produsent Paul McCartney
Paul McCartney and Wings-kronologi 
Red Rose Speedway
(1973)
Band on the Run Venus and Mars
(1975)


Meldingar
Karakter
KjeldeKarakter
AllMusic4.5/5 stars[2]
Christgau's Record Guide(C+)[3]
Mojo4/5 stars[4]
MusicHound Rock4/5[5]
PopMatters9/10 stars[6]
Record Collector4/5 stars[7]
Rolling Stone5/5 stars[8]
The Rolling Stone Album Guide4/5 stars[9]
Uncut5/5 stars[10]
Virgin Encyclopedia of Popular Music4/5 stars[11]

Band on the Run er det tredje studioalbumet til Paul McCartney and Wings, gjeve ut i desember 1973. Det markerte det femte albumet til Paul McCartney etter The Beatles vart oppløyst i april 1970. Sjølv om det først selde moderat fekk det etter kvart hjelp av to hitsinglar – «Jet» og «Band on the Run» – og vart eit av dei bestseljande studioalbuma i 1974 i Storbritannia og Australia, og McCartney vann attende gunsten til kritikarane. Det er det mest suksessrike og det mest kritikarroste albumet til McCartney etter The Beatles.

Det meste av Band on the Run vart spelt inn i studioet til EMI i Lagos i Nigeria, sidan McCartney ønskte å lage eit album på ein eksotisk stad. Kort tid før dei drog til Lagos, slutta trommeslagaren Denny Seiwell og gitaristen Henry McCullough i gruppa. McCartney hadde ikkje tid til å hente inn erstattar og gjekk i studio med berre kona Linda og Denny Laine, og spelte det meste av trommer, perkusjon og sologitaren sjølv, i tillegg til bass.[12] Då dei kom fram oppdaga dei at studioet var i dårleg stand og tilhøva i Nigeria var både spente og vanskelege. McCartney-paret vart truga med kniv og rana, og ranaren fekk med seg ein bag med ein uferdig songtekst og demolydband. Etter bandet kom attende til England la dei til fleire lydspor på det dei hadde gjort i Nigeria og spelte inn litt meir for albumet. Dette vart hovudsakleg gjort i AIR Studios i London.

I 2000 rangerte magasinet Q albumet på 75. plassen på lista si over dei 100 beste britiske albuma gjennom tidene. I 2012 vart Band on the Run rangert på 418. plassen av Rolling Stone på lista deira over dei 500 beste albuma gjennom tidene.[13] Ei melding av Jon Landau i Rolling Stone då albumet kom ut, skildra det som «kanskje med unntak av John Lennon sitt Plastic Ono Band, det beste albumet som dei fire musikarane frå det som ein gong var The Beatles, har gjeve ut».[14] Det var det siste albumet McCartney gav ut på selskapet Apple.

  1. Spizer, s. 172.
  2. Band on the RunAllmusic. Henta 4. november 2004.
  3. Robert Christgau. «Paul McCartney: Band on the Run > Consumer Guide Album». robertchristgau.com. Henta 19. mai 2018. 
  4. Bennett, Ross (December 2010). «Paul McCartney & Wings Band On The Run». Mojo: 123. 
  5. Graff & Durchholz 1999, s. 730.
  6. Christel, Loar (4. november 2010). «Paul McCartney & Wings: Band on the Run (Special Edition)». PopMatters. Henta 19. mai 2018. 
  7. Staunton, Terry (December 2010). «Paul McCartney & Wings – Band On The Run». Record Collector (Xmas 2010/issue 383): 87. Henta 19. mai 2018. 
  8. Rob Sheffield (25. november 2010). «Paul's Hard Rocking Solo Peak». Rolling Stone (1118). s. 80. 
  9. «Paul McCartney: Album Guide». rollingstone.com. Arkivert frå originalen 4. juli 2014. Henta 19. mai 2018. 
  10. «Paul McCartney / Wings Band on the Run CD Album». CD Universe/Muze. Henta 19. mai 2018. 
  11. «Paul McCartney and Wings Band on the Run». Acclaimed Music. Henta 19. mai 2018. 
  12. James E. Perone (17 Oct 2012). The Album: A Guide to Pop Music's Most Provocative, Influential, and Important Creations. ABC-CLIO. s. 585. 
  13. «500 Greatest Albums of All Time: Paul McCartney and Wings, 'Band On The Run'». Rolling Stone. Arkivert frå originalen 19. juli 2012. Henta 19. mai 2018. 
  14. Jon Landau (31 January 1974). «Band on the Run». Rolling Stone (153). Arkivert frå originalen den 2 June 2007. Henta 13 June 2006.  Posted on 21 January 1997.

From Wikipedia, the free encyclopedia · View on Wikipedia

Developed by Nelliwinne