Bastard er eit rockeband frå Stord. Bandet vart danna i 1992, og har fire medlemer, John Ståle Eldøy på gitar og vokal, Eivind Birkeland på bass, Øyvind Spissøy på trommer og Morten Nesse på gitar.
Forutan å vera rockemusikk, kan musikken til Bastard karakteriserast som rølpemusikk, grunna dei humoristiske tekstane. Stilen liknar det meir kjende Sandnes-bandet Ingenting. Vokalen er på sunnhordlandsdialekt, noko som gjev musikken eit eksotisk preg. Bastard er særs populære i Sunnhordland, men har også spela konsertar andre stader, mellom anna i Bergen.
Bastard har gjeve ut fire album gjennom sitt eige plateselskap Ulv i Fårikål records. Nokre av dei største hitane er «Bein Harald» og «Politikk».
John Ståle Eldøy, Eivind Birkeland og Øyvind spissøy starta Bastard i 1992. Seinare same år fekk dei med seg Tor Inge Hystad. I 1993 gav dei ut det første albumet sitt, og selde 3000 eksemplar.[1] Ståle Eskeland kom inn i bandet i 1995, men gjekk ut av gruppa året etter, det same gjorde Hystad. I 1998 kom gruppa attende med Morten Nesse som ny gitarist. Ettersom bandmedlemane no hadde vorte meir vaksne, fekk gruppa eit meir seriøst preg, og populariteten har auka etter dette.