Bani Na'im | |||
بني نعيم, Kafr Barik, Bani Nu'aym | |||
kommune | |||
Grava til Lot i Bani Na'im
| |||
Land | Dei palestinske territoria | ||
---|---|---|---|
Guvernement | Hebron guvernement | ||
Koordinatar | 31°30′58″N 35°09′51″E / 31.51611°N 35.16417°E | ||
Folketal | 20 084 (2007) | ||
Borgarmeister | Issa Hassan al-Khdour | ||
Bani Na'im 31°30′58″N 35°09′51″E / 31.516111111111°N 35.164166666667°E | |||
Kart som viser Bani Na'im.
| |||
Wikimedia Commons: Bani Naim | |||
Nettstad: Bani Na'im Municipality |
Bani Na'im (arabisk بني نعيم, Banî Na‘îm) er ein palestinsk by sør på Vestbreidda, 8 km aust for Hebron i Hebron guvernement. Han vart kalla «Caphar Barucha» på 300-talet. Byen er mest kjend som gravstaden til Lot. Etter den muslimske erobringa har namnet blitt arabisert som «Kafr al-Barik.» Grava til Lot vart omgjort til ein moské under det islamske styret og framleis under krossfarar-styret. Seinare slo den arabiske stamma Bani Nu'aym seg ned her, og har gjeve det noverande namnet Bani Na'im, først nytta av den muslimske vitskapsmannen Abd al-Ghani al-Nabulsi i 1690.
Folketalet i Bani Na'im voks under Palestinamandatet. Han vart med i arabararopprøret 1936–39 og var åstad for eit slag mellom dei irregulære palestinsk-arabiske styrkane til Abd al-Qadir al-Husayni og den britiske hæren. Etter den arabisk-israelske krigen i 1948, vart Bani Na'im annektert av Jordan. Han kom under israelsk okkupasjon etter at Israel erobra Vestbreidda under seksdagarskrigen i 1967. I 1997 vart Bani Na'im overtført til palestinsk administrasjon og vart så ein kommune. I dag er han handelssenter for landsbyar i Hebron-området. Byen hadde eit eit folketal på 20 084 innbyggjarar i 2007.[1] Han ligg høgare enn dei fleste andre busetnadane i området, 951 meter over havet.