Barbados
(norsk: Barbados, barbadisk) | |||||||
---|---|---|---|---|---|---|---|
| |||||||
Nasjonalsong | «In Plenty and In Time of Need» | ||||||
Motto | Pride and Industry | ||||||
![]() | |||||||
Offisielle språk | Engelsk | ||||||
Hovudstad | Bridgetown | ||||||
Styresett President
Statsminister |
Republikk Sandra Mason Mia Mottley | ||||||
Flatevidd – Totalt – Andel vatn |
430 km² (185.) 0 % | ||||||
Folketal – Estimert (2017) – Folketeljing (2002) – Tettleik |
292 336 (176.) 276 607 679,9 /km² (8.) | ||||||
Sjølvstende Frå Storbritannia, etter forhandlingar |
30. november 1966 | ||||||
Nasjonaldag | 30. november | ||||||
BNP – Totalt (2015) – Per innbyggjar |
4 658 mill. USD (165.) 17 800 USD (74.) | ||||||
Valuta | Barbadisk dollar | ||||||
Tidssone | |||||||
Telefonkode | +1-246 | ||||||
Toppnivådomene | .bb
|
Barbados er ein øystat aust i Det karibiske havet og vest i Atlanterhavet. Øyane er ein del av Dei små Antillane og har statane Saint Lucia og Saint Vincent og Grenadinane som nærmaste naboar. Staten tilhøyrar verdsdelen Nord-Amerika, men ligg berre 434 kilometer nordaust for Venezuela og det søramerikanske kontinentet.
Øya er hovudsakleg bygd opp av korall og kalkstein. Ho er 430 km² i utstrekking, hovudsakleg flat, men med høgare område i innlandet. Barbados ligg 13º nord for ekvator og har ein lengdegrad på 59º vest. Klimaet er tropisk med konstante passatvindar. Det finst nokre myrer og mangroveområde her, i tillegg til store menneskeskapte sukkerrøyrplantasjar.
Landet har ein av dei høgaste levestandardane i verda og ligg på 0,788 på Human Development Index-skalaen. Dette er det tredje beste i Nord-Amerika. Det er eit av dei tettast folkesette i verda, og peikar seg òg ut gjennom særs høg lesekunne blant innbyggjarane.
Namnet «Barbados» kjem frå den portugisiske oppdagaren Pedro Campos, som i 1536 kalla øya Os Barbados, 'dei skjeggete', etter fikentrea med luftrøter som voks der.