Baseball er ein sport som særleg er populær i USA og Aust-Asia, og som vert spela av to lag som skiftar på å vere i angrep og forsvar. Prinsippet i spelet er at slagmenn frå det angripande laget prøver å slå ein ball som er kasta frå «pitcheren» til forsvarslaget, og deretter springe innom tre basar før han når heimebasen att. Det er berre ved å springe ei komplett runde rundt basane poeng kan scorast. Dei totalt ni omgangane, der kvart av laga er éin gong kvar i angrep, vert kalla «innings» (omgangar). Det vert kravd tre «outs» for at laga skal bytte side. Ved uavgjort resultat etter ni innings held kampen fram ved å spele ekstra innings til eit av laga har scora poeng, og dermed vunne kampen.